Utforsk Flåmsdalen til fots eller frå sykkelsetet! Kombiner den vakre togreisa med Flåmsbana med ei idyllisk vandring ned frodige Flåmsdalen. Stien går langs siste delen av populære Rallarvegen og endar opp i Flåm ved Aurlandsfjorden.

Flåmsbana
Start turen med å ta den mest populære togreisa i Noreg frå Flåm til Myrdal, opp stupbratte fjellsider i hjartet av fjordane. Du kan sjå desse majestetiske fossefalla på togturen opp til Myrdal og under fot- eller sykkelturen tilbake: Kjosfossen, Kårdalsfossen, Rjoandefossen og Brekkefossen.
Bestill no
Pakken omfattar følgjande:
- Billett ein veg med Flåmsbana
Lengd: 20 km
Vanskegrad: Middels
Flåmsbana 2020 - Rutetider.pdf
Ja (sykkel tillat med gyldig sykkelbillett)
- {{fact.key}}:
- {{fact.value}}
Ein flott måte å kome tett på Flåmsdalen

Myrdal
Frå Myrdal stasjon går siste del av Rallarvegen ned Flåmsdalen til Flåm. Vegen frå Myrdal er dei siste 20 kilometrane av den mest spektakulære sykkelruta i Noreg. Rallarvegen er den gamle anleggsvegen for anleggsarbeidarane som bygde Bergensbana. Den øvste delen er grusveg, medan den nedste delen er asfaltert veg med lokal person- og biltrafikk.

Myrdalsberget
Eit høgdepunkt på turen er Myrdalsberget, der vegen snirklar seg ned fjellsida i 21 hårnålssvingar før han følgjer dalbotnen og Flåmselvi vidare.
Rallarrosa stølsysteri i Kårdalen er ein tradisjonell fjellgard som sel heimelaga geitost. Dette er ein flott stad å ta ein pause og smake ekte geitost.
Halvveges nede i dalen, ved Berekvam, kan du sjå jettegryter. Gardane i dalen blei busette lenge før jernbana og bilvegen kom, og er framleis i drift året rundt. Flåm kyrkje, bygd i 1667, ligg i gamle sentrum av Flåm, ved Håreina.
Turkart for Flåm
Kart over Flåmsdalen finn du også på turistinformasjonen i Flåm.